Trykksaker med omtanke for detaljane.
Eg designar trykksaker som er gjennomtenkte heilt ned i detaljane. Du får hjelp heile vegen frå idé og skisse til trykkfiler og ferdig produkt. Her er nokre av tinga eg kan lage for deg.
Etikettar
Til mat, drikke, kosmetikk og andre produkt. Eg designar etiketten og lagar ferdige trykkfiler tilpassa storleik og materiale.
Visittkort
Visittkort som passar resten av profilen din. Du får ferdige trykkfiler, eller eg ordnar trykkinga for deg.
Mageband og emballasje
Mageband, esker, poser og anna emballasje som gjer produktet ditt gjennomført frå hylla til kunden.
Klistremerke og logo
Logo og enkel profil for deg som startar opp, og klistremerke til emballasje, merking eller profilering.
Neste steg startar her
Du treng ikkje ha alt klart før du tek kontakt. Kanskje har du berre ei laus idé, eit produkt som treng eit nytt uttrykk eller eit augeblink du ønskjer å ta vare på. Eg tek gjerne ein uforpliktande prat.