For små detaljar, store idéar og alt imellom.
Tenester
D E S I G N & T R Y K K S A K E R
P R O F I L & I N N H A L D
F O T O & V I D E O
Eg hjelper bedrifter og privatpersonar i Sunnfjord og omegn med mellom anna grafisk design, trykksaker, fotografering, innhald og marknadsføring. Ingen kundar er like, og det er heller ikkje løysingane. Nokon treng hjelp med éi enkelt teneste, medan andre ønskjer ei meir omfattande løysing. Eg tilpassar alltid leveranse og teneste etter behov og ynskje, enten du er privatperson eller representerer ei bedrift. Ta gjerne kontakt dersom du har spørsmål eller ønskjer eit uforpliktande tilbod.
Design & Trykksaker
Frå idé til ferdig produkt. Eg designar og produserer alt frå etikettar, emballasje og mageband til visittkort, klistremerke, og anna materiell, med fokus på eit gjennomført uttrykk. Dersom du treng ein logo hjelper eg gjerne!
Foto & Video
Naturlege bilete og enkle videoar for både bedrifter og privatpersonar. Enten du noko frå eit event, portrett, bryllaupsfoto, produktfoto eller innhald til marknadsføring, tilpassar eg alt. Sjå galleriet mitt her!
Profil & Innhald
Strategisk og visuelt innhald som gjer det enklare å nå ut til målgruppa di. Eg hjelper bedrifter og privatpersonar med innhaldsproduksjon, grafisk design og marknadsføring - frå sosiale medium og kampanjar til nettsider og digital profilering.
Neste steg startar her
Du treng ikkje ha alt klart før du tek kontakt. Kanskje har du berre ei laus idé, eit produkt som treng eit nytt uttrykk eller eit augeblink du ønskjer å ta vare på. Eg tek gjerne ein uforpliktande prat.