ENKELTMANNSFORETAKET & GRUNNLEGGARENMandelid Klarheit
Bak Klarheit står eg, Marte. Eg har alltid hatt mange idéar, er nysgjerrig av natur og likar å utfordre meg sjølv. Klarheit starta med eit ønske om å samle det eg likar aller best på éin stad. Over lengre tid var eg den som tok bilete, laga design, og hjalp vener og familie med små kreative oppdrag - heilt utan å tenkje at det kunne vere meir enn ein hobby. Etter kvart innsåg eg at det kanskje var på tide å ta betalt for det som så lenge hadde vore gratis hjelp og tenester.
I dag får eg kombinere kreativitet med praktiske løysingar, og hjelpe både bedrifter og privatpersonar med alt frå foto og design til marknadsføring og trykksaker. Målet er alltid det same, nemleg å skape noko som kjennest gjennomtenkt, personleg og tilpassa den det er laga for.
“Ho gjer det enkelt for oss å vere synleg i ein stor bransje”
Marte har hjulpe oss med alt frå foto og trykksaker til marknadsføring. Ho har tatt ansvar for innhald, uttrykk og retning, noko som har gjort at vi framstår mykje meir profesjonell og gjennomført. Marte har det overordna ansvaret, og vi har fått mykje meir ut av både marknadsføringa og uttrykket vårt!
FAST SAMARBEIDSPARTNAR
“Bileter vi faktisk har lyst til å bruke og dele med andre”
Ho er roleg i måten ho jobbar på, og gjer det enkelt å vere seg sjølv framfor kamera. Resultatet vårt blei bilete som kjennest ekte, og som vi faktisk har lyst til å bruke. Ho har eit godt auge detaljar og uttrykk, og klarer å fange det ein ønskjer, utan at det blir oppstilt eller kunstig
FOTOKUNDE
Neste steg startar her
Du treng ikkje ha alt klart før du tek kontakt. Kanskje har du berre ei laus idé, eit produkt som treng eit nytt uttrykk eller eit augeblink du ønskjer å ta vare på. Eg tek gjerne ein uforpliktande prat.