Din kreative sparringspartnar. Der ein idé blir til eit ferdig uttrykk!
Mindre støy, meir retning!
Mitt namn er Marte, og Klarheit er mitt kreative rom. Eg jobbar med foto, design, visuelle uttrykk og fysiske produkt - for BÅDE bedrifter og privatpersonar som vil at ting skal henge saman og sjå bra ut.
-
∞
Kreative Tankar
-
30+
Prosjekt Levert
-
5+
Aktive Samarbeid
-
∞
Løysingar & Idear
Eg jobbar med både små og større prosjekt. Det kan vere alt frå foto, innhald til sosiale medium, visuelle identitetar og design, til fysiske produkt som etikettar, trykk og emballasje.
Eg er opptatt av detaljar, heilskap og uttrykk som varer over tid. Det handlar ikkje om å gjere mest mogleg - men om å gjere det riktige, slik at ein blir fornøgd med det ein sit igjen med.
Tenester
Eg tilbyr både stort og smått - det er opptil deg å velje kva du vil nytte deg av! Og om du ikkje finn det du leitar etter, så kan du sjølvsagt kontakte meg. Eg tilpassar alle prosjekt og leveransar.
-
For deg som skal ha bileter til privat bruk, lansere eit produkt, eller berre treng bilete du faktisk har lyst til å bruke. Eg tek bilete av menneske, arbeid og augeblikk - for bedrifter og privatpersonar. Målet er bilete som kjennest ekte, er enkle å bruke vidare, og held kvalitet over tid.
-
Klistremerker, vinyl, logotrykk, invitasjonar og mykje meir. Eg tek hand om både design og produksjon - du vel sjølv om du vil ha ferdige produkt eller produksjonsklare filer. Har du allereie eit design? Eg sørgjer for riktig tilpassing og tek hand om resten om du ønskjer det.
-
Før nokon høyrer kva du seier, ser dei korleis alt ser ut. Eg utviklar visuelle identitetar og enkle nettsider som gir retning og samanheng - frå logo og fargepalett til typografi og nettsideoppsett. Alltid med fokus på enkelheit og kvalitet som varer.
-
Du veit at du burde vore meir synleg, men det blir aldri prioritert. Eg hjelper deg å strukturere og drifte kanalane dine - anten det er eit enkeltprosjekt eller fast oppfølging som social media manager med ansvar for planlegging, innhald og publisering.
Nysgjerrig på kva eg allereie har jobba med og kva eg har levert til andre kundar? Klikk på ein av boksane nedanfor. Der finn du døme på arbeid eg har levert.
Tilbakemeldingar
Informasjon
-
Pris varierer etter type prosjekt, omfang og behov - og vi blir alltid einige i forkant av oppstart. Eg jobbar ikkje med faste pakkar, men gir eit tilpassa tilbod basert på det du treng.
-
Vi startar med ein prat om kva du treng. Deretter planlegg eg alt frå eksempelvis lokasjon, stil og gjennomføring, til design eller liknande.
-
Det kjem an på oppdraget. Nokre prosjekt/tenester kan gjennomførast raskt, medan større prosjekt tek lengre tid. Du får alltid ein tidsplan før vi startar.
-
Ja! Eg jobbar ofte på tvers av både foto, design, produkt og innhald. Du kan sjølvsagt be om fleire tenester frå meg.
Er det noko anna du lurer på? send meg ei melding på Instagram - eg svarer så raskt eg kan!
