Salsvilkår

Sist oppdatert: 26.11.2026

Her finn du informasjon om kjøp, betaling, levering og rettane dine når du handlar på Klarheit.no. Digitale produkt blir leverte elektronisk, og du får difor ingen fysiske varer sende i posten.

1. Seljar og kontaktinformasjon

Nettbutikken Klarheit.no blir driven av:

Mandelid Klarheit
Organisasjonsnummer: 935996627
Adresse: Bjørndalen 42, 6983 Kvammen
E-post:marte@klarheit.no
Nettside: www.klarheit.no

Kjøpar er den personen som gjennomfører bestillinga.

Desse salsvilkåra gjeld ved kjøp av digitale produkt frå Klarheit.no. Avtalen består av desse salsvilkåra, opplysningane på produktsida og informasjonen som blir gitt i samband med bestillinga.

Dei lovfesta rettane dine gjeld uavhengig av desse vilkåra.

2. Produkt og prisar

På Klarheit.no finn du digitale produkt og ressursar som kan lastast ned eller nyttast digitalt, avhengig av kva produkt du kjøper.

På kvar produktside finn du informasjon om kva som følgjer med produktet, korleis det skal nyttast, og eventuelle krav til programvare eller andre digitale verktøy.

Alle prisar er oppgitte i norske kroner og inkluderer gjeldande avgifter der dette er aktuelt. Eventuelle tilleggskostnader blir opplyste før kjøpet blir gjennomført.

3. Bestilling og betaling

Når du gjennomfører ei bestilling, inngår du ein kjøpsavtale med Mandelid Klarheit.

Betalinga blir gjennomført via betalingsløysingane som er tilgjengelege i nettbutikken. Etter kjøpet får du ei ordrebekrefting på e-post. Eg tilrår at du kontrollerer at e-postadressa di er korrekt før du fullfører bestillinga.

4. Digital levering

Du får tilgang til dei digitale produkta dine etter gjennomført kjøp.

Produkta blir gjorde tilgjengelege elektronisk, til dømes gjennom ei nedlastingslenkje, ei digital fil eller tilgang til ei digital teneste. Ingen fysiske varer blir sende i posten, med mindre noko anna uttrykkeleg går fram av produktsida.

Du får normalt også ein separat e-post med informasjon om korleis du får tilgang til produktet. Denne kjem vanlegvis kort tid etter kjøpet, men det kan ta nokre minutt. Dersom du ikkje finn e-posten, tilrår eg at du sjekkar søppelpostmappa.

Dersom produktet kan lastast ned, tilrår eg at du lastar ned og lagrar filene etter kjøpet. Eventuelle avgrensingar i talet på nedlastingar eller kor lenge tilgangen varer, skal gå fram før kjøpet.

Har du problem med å få tilgang til produktet, kan du kontakte meg på marte@klarheit.no, så hjelper eg deg.

5. Angrerett og refusjon

Som forbrukar har du som hovudregel 14 dagars angrerett ved kjøp på nett.

For digitalt innhald som ikkje blir levert på eit fysisk medium, kan angreretten falle bort når leveringa tek til, dersom vilkåra i angrerettlova § 22 bokstav n er oppfylte.

Dette inneber at:
• du uttrykkeleg har samtykt til at leveringa tek til før angrefristen går ut
• du har stadfesta at du forstår at angreretten dermed går tapt
• du har fått den lovpålagde stadfestinga av avtalen

Dersom desse vilkåra er oppfylte, fell angreretten bort når leveringa tek til.

At du får tilgang til produktet med ein gong, inneber ikkje i seg sjølv at angreretten fell bort. Dersom vilkåra ikkje er oppfylte, beheld du angreretten i samsvar med gjeldande lovgiving.

Dersom du ønskjer å nytte angreretten, kan du kontakte meg på marte@klarheit.no innan gjeldande frist. Du kan også nytte standard angrerettskjema. Ved gyldig bruk av angreretten blir beløpet tilbakebetalt i samsvar med reglane i angrerettlova, normalt med same betalingsmiddel som blei brukt ved kjøpet.

Angreretten avgrensar ikkje rettane dine dersom produktet har feil eller manglar.

6. Feil, manglar og reklamasjon

Eg ønskjer at du skal vere nøgd med produkta du kjøper hos Klarheit.

Dersom ei fil ikkje fungerer, ei lenkje er ugyldig, du ikkje får tilgang til produktet, eller produktet ikkje samsvarer med beskrivinga, kan du kontakte meg på marte@klarheit.no. Beskriv gjerne problemet og legg ved ordrenummeret ditt, slik at eg kan hjelpe deg så raskt som mogleg.

Ved feil eller manglar har du dei rettane som følgjer av gjeldande lovgiving, mellom anna digitalytelseslova der denne kjem til bruk. Avhengig av situasjonen kan dette innebere retting av feilen, ny levering, prisavslag, heving eller andre lovfesta krav.

Eg tilrår at du tek kontakt så snart du oppdagar eit problem.

7. Digitale verktøy og eksterne tenester

Enkelte produkt frå Klarheit kan krevje bruk av eksterne digitale verktøy eller tenester.

Dersom eit produkt krev ein bestemt applikasjon, programvare, brukarkonto eller abonnement, skal dette gå fram av produktbeskrivinga.

Eksterne tenester har eigne bruksvilkår og kan bli endra uavhengig av Klarheit. Klarheit er ikkje ansvarleg for generelle driftsforstyrringar eller endringar hos slike eksterne tenester. Dette avgrensar likevel ikkje rettane dine dersom produktet eg har levert, har ein mangel.

8. Opphavsrett og bruk av produkta

Digitale produkt, tekstar, design, malar og anna innhald frå Klarheit er verna av gjeldande reglar om opphavsrett der vilkåra for slik vern er oppfylte.

Når du kjøper eit produkt, får du ein avgrensa rett til å bruke produktet i samsvar med føremålet og vilkåra som er oppgitte på produktsida.

Med mindre noko anna er uttrykkeleg opplyst, er det ikkje tillate å:
• dele kjøpte filer, lenkjer eller tilgang med andre
• vidareselje eller distribuere produkta, digitalt eller fysisk
• publisere eller dele produkta gratis på nettsider, i sosiale medium eller andre opne kanalar
• bruke heile eller delar av produkta i eigne produkt for sal utan skriftleg løyve
• kopiere, endre eller vidareformidle innhaldet med sikte på kommersiell distribusjon

At eit produkt kan redigerast eller tilpassast, gir ikkje i seg sjølv rett til å vidareselje eller distribuere produktet. Enkelte illustrasjonar, skrifttypar, bilete eller andre element kan vere nytta med lisens frå eksterne rettshavarar.

Ønskjer du å bruke eit produkt på ein måte som ikkje er omfatta av bruksløyvet, kan du kontakte meg på marte@klarheit.no.

Det ligg mykje arbeid bak innhaldet og produkta mine. Takk for at du respekterer dette.

9. Personvern

Når du handlar hos Klarheit, behandlar eg personopplysningar som er nødvendige for å gjennomføre bestillinga, levere produktet, handtere betaling og følgje opp eventuelle førespurnader.

Opplysningane blir behandla i samsvar med gjeldande personvernlovgiving.

Eg nyttar samarbeidspartnarar og tekniske løysingar for mellom anna betaling, nettbutikkdrift og digital levering. Personopplysningar kan bli delte med slike leverandørar når dette er nødvendig og det ligg føre eit lovleg behandlingsgrunnlag.

Du finn meir informasjon om korleis Klarheit behandlar personopplysningar i personvernerklæringa på Klarheit.no.

10. Klager og tvisteløysing

Har du spørsmål eller er misnøgd med eit kjøp, ønskjer eg at du tek kontakt med meg først. Send ein e-post til marte@klarheit.no, så prøver vi å finne ei løysing saman. Dersom vi ikkje blir einige, kan du kontakte Forbrukartilsynet for mekling.

Du finn meir informasjon på Forbrukertilsynet.

11. Endringar i salsvilkåra

Eg kan oppdatere salsvilkåra ved behov, til dømes dersom eg endrar produkta eller leveringsløysingane mine, eller dersom det kjem nye lovkrav.

For kjøp som allereie er gjennomførte, gjeld vilkåra som var ein del av avtalen på kjøpstidspunktet, med mindre noko anna er gyldig avtalt.

Har du spørsmål om salsvilkåra eller eit produkt du har kjøpt? Du er alltid velkomen til å kontakte meg på marte@klarheit.no.

Takk for at du handlar hos Klarheit!