Din kreative sparringspartnar. Der ein idé blir til eit ferdig uttrykk!

Eg jobbar med både små og større prosjekt. Det kan vere alt frå foto, innhald til sosiale medium, visuelle identitetar og design, til fysiske produkt som etikettar, trykk og emballasje.

Eg er opptatt av detaljar, heilskap og uttrykk som varer over tid. Det handlar ikkje om å gjere mest mogleg - men om å gjere det riktige, slik at ein blir fornøgd med det ein sit igjen med.

Tenester

Eg tilbyr både stort og smått - det er opptil deg å velje kva du vil nytte deg av! Og om du ikkje finn det du leitar etter, så kan du sjølvsagt kontakte meg. Eg tilpassar alle prosjekt og leveransar.

Mindre støy, meir retning!

Mitt namn er Marte, og Klarheit er mitt kreative rom. Eg jobbar med foto, design, visuelle uttrykk og fysiske produkt - for BÅDE bedrifter og privatpersonar som vil at ting skal henge saman og sjå bra ut.

Tilbakemeldingar

Informasjon